wii-hii!!! Julegavetips for gameren

b
a

Medan New Super Mario Bros.2 (3DS) tematisertefinanskrisa ved å leggje større vekt på pengeakkumulasjon enn Mario-spel tidlegare har gjort, droppar New SuperMario Bros.U den politiske kommentaren, og satsar i stadet på ei historiesom er open for personleg tolking. Mario fungerer drusteleg som kvardagshelt,ein average joe som spelaren kan identifisere seg med. Han og venenekosar seg – som vanleg – med psykedelisk sopp, som gjerne konsumerast ikloakken etter nettopp å ha plukka opp ei mengd pengar utan å vaske hendeneførst eller sist. Spelopplevinga? Akkurat like solid i sitt underhaldande kaossom eit Mario-spel skal vere. Det støttar opp til fem spelarar, og er eitobligatorisk kjøp for dei fleste som skal investere i ein Wii U.

embed:http://www.youtube.com/watch?v=DIwI37YXgfA

Ellers har vi prøvd Nintendoland, ein virtuellfornøyelsespark med ei rekkje minispel, og mange av dei støttar opp til fem spelarar. Som demonstrasjon av kva tablet-kontrollarenkan gjere og som lett underhaldning i juleferien fungerer det greitt, men denlitt meir vaksne spelaren vil nok gjere lurt i å plukke med seg ein kopi av Batman:Arkham City Armoured Edition, den mest komplette versjonen av denne moderneklassikaren som fekk alle kritikarane til å gå i fistel. Ellers er det ein godidé å laste ned Trine 2: Director’s Cut frå Nintendo-nettbutikken.

Wii U? Det er spela som kjem ut som avgjer korlevedyktig ein spillplattform er, og framtida ser lovande ut. Allereie er eirekkje godt etablerte titlar ute, til dømes Tekken Tag Tournament 2, Assassin’sCreed III og Mass Effect III. Nokre interessante eksklusivitetar eròg på veg: Vi ventar til dømes i spaning på Bayonetta 2, som etterforgjengaren å døme kjem til å rocke ved noko.

embed:http://www.youtube.com/watch?v=hirJAOc2D3k

I Am Alive (PS3, Xbox360, Win) handlar om ein mann som er ilive. Denne livaktige tilstanden finn han seg i trass at verda han lev i nylighar gjennomlevd ei kataklysmisk hending. Kanskje bra tørrtrening i tida før 21.desember? Neidå, eg berre tullar med deg, kjære lesar. Alle veit jo at hendingasom kjem til å finne stad er starten på eit skifte i folk – og kan hende fe –sitt medvite, ikkje apokalypsen. I spelet traskar du rundt i ein støvete by, påleit etter kone og barn. Du møter folk på vegen, nokre venlege, andre uvenlege:Det er ikkje anna å gjere enn å drepe dei. Ein kan kalle spelet ein usliptdiamant: Idéen er meir storslege enn gjennomføringa. Ikkje dårleg, men detkunne godt ha vore betre. Det kunne vore meir tilfredstillande dersom ein fekkfleire valmogelegheiter, og kunne forme karakteren sin moralske posisjon.

embed:http://www.youtube.com/watch?v=pN0CiFs3U9I

Slike val vert ein stadig utsett for i Epic Mickey2: The Power Of Two (PS3, Xbox360, Wii U, Wii, Mac, Win), der ein kan bruke målarkosten til både skaparverksemd og øydelegging. Spelet freistar å bøte på det skuffande ved det lovandeførste Epic Mickey. Det går ikkje heilt bra. Epic Mickey 2: The Powerof Two er ikkje ein epic fail, men det episke ein kunne vente fråWarren Spector (Wing Commander, System Shock, Deus Ex, Thief) erfråverande. Power of Illusion (3DS) ser fleire hakk meir vellukka ut,der illusjonen skapast av at du er Mikke Mus som utøver vald ved å hoppe påvondlynna, søte karakterar. Det slektar på 16bit-era-spela Castle of Illusion, Worldof Illusion, Fantasia og Mickey Mania, alle blant dei bestespelrollane den antropomorfe musa med dei fysisk umogelege øyro har spelt iheile si åttifire år lange karriere.

Ellers på 3DS: Speldesignaren Suda51 gav tidligare iår ut Lollipop Chainsaw, eit lett- beint, lettkleddog lettsindig hyper-valdeleg spel. I hans nyaste, Liberation Maiden,spelar du den nyvalde presidenten i Neo Japan, og må straks etter valsigerenflyge av garde i eit exoskelett for å redde vegetasjonen i dei urbane landskapafrå den totale mekaniseringa. Òg lettkledd og lettbeint, ein hyperaktiv, hjernedaudshooter. Tja, kvifor ikkje?

Viss du har fått nok av drap og vald i spela duspeler, sats på dette: Waking Mars (Windows, Mac, Linux), der ein flygrundt i utanomjord innanformarsiske holrom med jetpack ogplantar plantar. Framifrå!

Tre merkelege independent-spill på nett no:

1: Thomas Was Alone (emo-geometrisk plattform-puzzle, Windows).

embed:http://www.youtube.com/watch?v=YDaa3Cq6c7M

2: Waking Mars (rom-gartneri-simulator, Windows).

embed:http://www.youtube.com/watch?v=w7Ff2J5Vs3g

3: Primordia (old-school sci-fi point’n’click-eventyr, Windows, Mac, Linux)

embed:http://www.youtube.com/watch?v=QBNfqwt3YyQ