Er Tomb Raider en form for «estetisert stalking»?

b
a

I DET FØRSTE TombRaider (1996) telte Lara Croft sin virtuelle kropp 230 polygonar. I TombRaider: Underworld (2008) bestod hennar digitale kjøt til samanlikning av32.000 mangekantar. I den blodferske numeriske reinkarnasjonen Tomb Raider (2013)er ho samansett av eit enda større utal geometriske figurar med mang ein kant#mange, mange mangekantar. La oss i høvet hundreårsjubileet for allmennstemmerett la denne abstraherte føregangsfiguren for både emansipasjon ogpasjon transcendere sin posisjon, og sublimerast til sublimasjon.

Dei fyrste Lara Croft-inkarnasjonane gestaltet alleattraksjons-atributtar, godt hjulpet av nittitals-grafikken. For er det ikkjeofte slik, at det er tomromma, det som manglar, det som ikkje har blitt tattmed, som skaper spaning? Og vår tids Croft viser mindre hud, har fått på seglange bukser som sikkert kjem godt med når ein trakterer kalde gravkammer ogandre rått lubrikerte holrom. Når det er sagt, meiner eg ikkje at Lara Croft“er” ein mindre flott kvinnefigur no enn i fortida, snarare tvert i mot. Men ho“er” meir spesifikk som kvinne og menneske, der ho tidlegare “var” meir generellsom objekt for menn (og kvinner) sitt begjær.

MANG EIN PERVERTERT spelar vilnok falle i elskhug til denne virtuelle kjøtlege framstillinga, og i sinsørgjelege kjærleikssorg vil dei følgje Croft si bakside, slik ein stalkerfølgjer sitt offer gjennom Tokyo sine parkanlegg (jfr. Biko 3 (2004) avden japanske eroge-spelprodusenten Illusion). Dette passar godt i hopmed teorien om Tomb Raider som “estetisert stalking“, lagt fram i The Guardian på slutten av nittitalet avSteven Poole. Eg er meir einig med Randi Gunzenhäuser, som i intervjuet WombRaider kontrar med å tolke det etterfølgjande tredjepersonskameraet som eiunderstreking av samarbeidet mellom spelar og figur – den sjølvsikre,aseksuelle Croft fungerer som eit skjold i kampen mot usikkerheita. Vidare vileg leggje fram mogelegheita for heller å samanlikne den estetiske opplevinga avTomb Raider med romantisk landskapsmaleri.

I sin sørgjelege kjærleikssorg vil dei følgje Croft si bakside, slik ein stalker følgjer sitt offer.

Meir spesifikt Caspar David Friedrich (1774-1840),som ofte nytta seg av die Rückenfigur, ein figur sett bakfrå i djup kontemplasjonover spektakulære landskap eller ruinar, som iakttakaren kan projisere si eigaoppleving inn i, for slik å kunne oppdage naturen sin sublime natur og dermedforeinast på nytt med sitt andelege sjølve. Og det er nettopp denne funksjonenLara Croft i røynda har, når ho spring rundt i skog og mark, ruinar etterstorstilte arkitektoniske mirakel, og i eit av dei bokstavelege høgdepunkta,ein metafor for subliminasjon: Når ho stig opp i eit skyhøgt radiotårn og eitoppsiktsvekkjande landskap openberrar seg, er det nærliggande å tenkje, somHarun Farocki kan hende legg fram i filmen Parallel (2012), at level-designarener vår tids landskapsmålar.

Om spelet er verdt å spele, spørdu? Svaret er ja.

Tomb Raider er ute no til Windows,PS3 og Xbox360. Enkelte referansar er henta frå essaya Lara Croft – A “GoodGirl” Going Everywhere av Barbara U. Schmidt, Coding the feminine in the1990s av Angela McRobbie og Womb Raider av Manuela Barth, somein kan lese på utstillinga Tomb Raider: Die Ausstellung påComputerspielmuseum Berlin. Utanom dette heftet, som kuratorane har vore sågenerøse å la publikum kunne lese, er den einaste interessante tingen på denneelendig kuraterte reklamen av ei utstilling boka Lara Croft av AstridDeuber-Mankowsky, utgitt på Suhrkamp. Dessverre er boka fengsla inne i einglasmonter, så ein kan berre beundre det gule omslaget. Sa eg dårleg kuratert?Utstillinga er dårleg kuratert, og står til 15. april.

TOPP 3 I APRIL:

1. BioShock Infinite – Bli uendeleg biologisk sjokkerti denne sjokkerande spelopplevinga. PS3, Xbox360 og Windows.

2. The Bridge – Denne interaktive M. C.Escher-teikninga har blitt ferdigstilt, først halvanna år etter at N&Dførst gav det strålande kritikkar. Kva hendte?! Kven veit, no er det iallfallute på Steam og enno betre enn den gongen. Nam! Windows.

3. Lego City Undercover – Denne Lego-pastisjen over GrandTheft Auto – eller snarare Sleeping Dogs med sin spanar-tematikk –er den første eksklusive utgjevinga til Wii U som er noko å skrive heim om.