Tomb Raider og det sublime

b
a

I det første TombRaider (1996) telte Lara Croftsin virtuelle kropp 230 polygonar. I Tomb Raider:Underworld (2008) bestod hennardigitale kjøt til samanlikning av 32.000 mangekantar. I denblodferske numeriske reinkarnasjonen Tomb Raider (2013)er ho samansett av eit enda større utal geometriske figurar med mangein kant# mange, mange mangekantar. La oss i høvet hundreårsjubileetfor allmenn stemmerett la denne abstraherte føregangsfiguren forbåde emansipasjon og pasjon transcendere sin posisjon, ogsublimerast til sublimasjon.

Eingong i fordums tid freista Playboy å overtale Lara Croft til å lateseg avbilde i bladet som pin up-modell, tilsynelatande, i vårforgreining av røyndomen sitt tre, utan hell. Mitt framlegg er atden auka polygonale mengda, trass – eller kan hende grunna – aukatruskap til den tidlegare omtala røynda, ikkje fører til aukamasturbatorisk potensiale hos dei heterofilt orienterte spelarane avdet hannlege kjønn, ei større mengdeeining autoseksuelleinklinasjonar hos dei kvinnelege eksemplara som tenderer mottendensar til kjønnsleg tiltrekking mellom personar av same kjønn,ei heller for bifile av alle genus. Nei, no har frøken Croft blitttil ein større personlegdom, og denne tilstanden av forbetrasimulacrum går på kost av næringsverdien i kosten forførestillingsevna.

Før,då eg enno var ung, funksjonerte Lara Croft som pur abstraksjon avattråverdige attraksjons-atributtar. For er det ikkje ofte slik, atdet er tomromma, det som manglar, det som ikkje har blitt tatt med,som skaper spaning? Less is more, som Miles Davisuttalte det. Og vår tids Croft viser mindre hud, har fått på seglange bukser som sikkert kjem godt med når ein trakterer kaldegravkammer og andre rått lubrikerte holrom. Når det er sagt,meiner eg ikkje at Lara Croft “er” ein mindre flott kvinnefigur noenn i fortida, snarare tvert i mot. Men ho “er” no meir spesifikksom kvinne og menneske, der ho tidlegare “var” meir generell somobjekt for menn og kvinner sitt begjær.Mang ein pervertert spelar vil nok falle i elskhug til dennevirtuelle kjøtlege framstillinga, og i sin sørgjelege kjærleikssorgvil dei følgje Croft si bakside, slik ein stalker følgjer sittoffer gjennom Tokyo sine parkanlegg, gøymer seg i buskaset dersomnokon fattar mistanke til hennar eller hans motiv (jfr. Biko 3(2004)av den japanske eroge-spelprodusentenIllusion).Dette passar godt i hop med teorien om Tomb Raidersom “estetisert stalking”, lagt fram i The Guardian på slutten av90-talet av Steven Poole. Eg tenderer heller mot einigheit med RandiGunzenhäuser, som i intervjuet Womb Raider kontrarmed å tolke det etterfølgjande tredjepersonskameraet som eiunderstreking av samarbeidet mellom spelar og figur – densjølvsikre, aseksuelle Croft fungerer som eit skjold i kampen motusikkerheita. Vidare vil eg leggje fram mogelegheita for heller åsamanlikne den estetiske opplevinga av Tomb Raider medromantisk landskapsmåleri.

Meirspesifikt Caspar David Friedrich (1774-1840), som ofte nytta seg avdie Rückenfigur, einfigur sett bakfrå i djup kontemplasjon over spektakulære landskapeller ruinar, som iakttakaren kan projisere si eiga oppleving inn i,for slik å kunne oppdage naturen sin sublime natur og dermedforeinast på nytt med sitt andelege sjølve. Og det er nettopp dennefunksjonen Lara Croft i røynda har, når ho spring rundt i skog ogmark, ruinar etter storstilte arkitektoniske mirakel, og i eit av deibokstavelege høgdepunkta, ein metafor for subliminasjon: Når hostig opp i eit skyhøgt radiotårn og eit oppsiktsvekkjande landskapopenberrar seg, er det nærliggande å tenkje, som Harun Farocki kanhende legg fram i filmen Parallel(2012),at level designaren er vår tids landskapsmålar.

Åja,er spelet verdt å spele, spør du? Svaret er ja.

TombRaider er ute no til Windows, PS3 og Xbox360. Enkeltereferanser er henta frå essaya LaraCroft – A “Good Girl” Going Everywhere av Barbara U.Schmidt, Coding the feminine inthe 1990s av Angela McRobbie og WombRaider av Manuela Barth,som ein kan lese på utstillinga TombRaider: Die Ausstellung på Computerspielmuseum Berlin.Utanom dette heftet, som kuratorane har vore så generøse å lapublikum kunne lese, er den einaste interessante tingen på denneelendig kuraterte reklamen av ei utstilling boka LaraCroft av Astrid Deuber-Mankowsky, utgitt på Suhrkamp.Dessverre er boka fengsla inne i ein glasmonter, så ein kan berrebeundre det gule omslaget. Sa eg dårleg kuratert? Utstillinga erdårleg kuratert, og står til 15. april.