Memento mor di

b
a

Naughty Dog – utviklaren somhar gitt oss både i pose og sekk: Pungdyret Crash Bandicootog den blærete Indiana Jones-aspiranten Uncharted – stårbak videospelet The Last of Us (PS3),eit av dei tredjepersons action-adventure-spela som eksisterer for åminne oss om at det finst plenty med farar som trugar vårteksistensgrunnlag. Dette er – ved sida av å mate mareritta dineslik at du kan vakne i ein pøl av di eiga, kalde sveitte ogkontemplere ditt undermedvitne sin appropriasjon av monstrøsemetaforar for å opplyse ditt ego om alt du gjer galt i livet ditt –eit av føremåla horror-sjangeren tener, og når ikkjezombie-liknande sjuklingar á la den litt mislukka epidemi-filmenWorld War Z freistar å bite halspulsåra til den digitalekarakteren din i filler – for å minne deg om at noko verre ennsvineinfluensa kan inntreffe når du minst ventar det – dukkar detalltids opp ein pyroman pedofil kannibal ein kan stri med. Heldigvisfinst det utan unntak ein utveg, og den stiga, europalla ellerbjelken du og din avatar treng for å forsere det postapokalyptiskeruinlandskapet ligg ein eller annan stad i den umiddelbare digitalenærleiken, det kan du stole på.

The Last of Us harmotteke bortimot universell hyllest – iallfall på Jordi – og egskal ikkje, sjølv om eg syns Uncharted eruniverselt overvurdert, hevde at det ikkje fortener det. Fordi detfortener det, for etter ein litt treg start prega av litt vel mykjeknot og klaustrofobisk mørke, blomstrar det omtrent halvvegs utiopp, og aukar si brennvidd slik at ein med eitt har å gjere med eitinteressant stykkje digital underhaldning som byr på mogelegheitatil å gjere ei rekkje irrasjonelle val som du neppe ville gjortdersom scenarioet i spelet spegla seg i røynda. Det skuffande er atingen av dei spelbare karakterane ender opp som infisert tulling, fordet ville vore vågaltog nyskapande, dersom ein dei siste timane av spelet kontrollerte eitlevande lik, lik ei mørk og dyster utgåve av simulatoren StubbsThe Zombie.

Diverrehar The Last of Us ògein framifrå og svært oppslukande multiplayer-del som ein kan kastebort tida si på, tida ein ellers kunne brukt på å sjå TheWalking Dead.Hack’n’slash-eposet Remember Me (PC,PS3, Xbox360), derimot, tar ikkje så lang tid, men moro er det.Denne dystopiske visjonen av framtids-Paris, eit studium i merksnodigbyplanlegging der ein mellom hakkinga og flenginga lyt forserekløfter i det urbane landskapet for så å skode kinematografiskesekvensar der du kan skode inn i den digitale, minnetapslidandehovudpersonen si barmfagre kløft, din vesle gris, byr på innbydandeaudiovisuell cyberpunk-atmosfære som kvar ein sci-fi-entusuastskulle kunne setje pris på. Meir hugsar eg ikkje, utanom at det tekfor seg det allmenngyldige temaet “minner”. SomGeoffrey Sonnabend (i følgje TheMuseum of Jurassic Technology,Los Angeles) skreiv: “We, amnesiacs all, condemned to live in aneternally fleeting present, have created the most elaborate of humanconstructions, memory, to buffer ourselves against the intolerableknowledge of the irreversible passage of time and theirretrieveability of its moments and events.” (Valentine Worth,1994.) Du skjønar det, at minne med høg truskap til røynda harikkje så mykje for seg, evolusjonsmessig. Det lønnar seg heller åkontinuerleg tilpasse dei synaptiske koplingane ein kallar minnerslik at dei kan oppretthalde ein viss relevans for din eller minnotidige livssituasjon. Hugs det!

Remember Me meistrarmed sitt narrativ å minne oss på nokre vise ord frå vise menn, ognår eg minnast The Last of Us minnasteg om I Am Alive, einuslepen diamant som dei færraste minnast: Postapokalypse, forseringav urbane ruinlandskap, pil og bue, bitre, barske menn og småjenter. Færre udaude, fleire forsøk på å snakke fornuft overgunpoint – trusselom bruk av makt, og apropos gunpoint: Det blodferske indie-speletGunpoint (PC) handlarikkje berre om å peike på folk med pistolar, men det òg. Detminnar på sett og vis om det pasifistiske puslespelet Lemmings,på den måten at ein har eit avgrensa evnearsenal som ein lyt løysesin lille figur sine oppgåver med. Det fungerer òg somSMS-simulator, og gir mogelegheit til å oppleve opplevinga avteksting utan å måtte bekymre seg over telefonrekninga oglangtidseffekten på mellommenneskelege forhold i det levde livet.Eit solid film noir-action-puslespel som ein kan svelgje i småstykkar, skjødeslaust og henslengt, utan det stressframkallandegameplayet i The Last of Us basererseg på, fullt utstyrt med røykfylt jazz-soundtrack. Kos(t)eleg!

Treaktualitetar:

New Super Luigi U(WiiU) – Mario Mario sin adoptiv- eller lillebror, Luigi Mario, harfått sitt heilt eige plattformspel, utan Mario og enda meirheseblesande og kaotisk enn før.

Shadowrun Returns (PC) Remake av gamalcyberpunk-rpg, originalt laga for di digitale underhaldning ogundring på SNES og Mega Drive.

Rise of the Triad(PC) – Remake av gamal gladvaldsorgie. Dei blodige augeepla somflaug rundt på skjermen fekk i si tid far min til å ynskje at egikkje spelte slike spel, så dette blir eit kosteleg gjensyn.