Her er årets beste scenekunst i Bergen

Disse har gitt oss de beste scenekunst-opplevelsene i Bergen i 2013. Hvem fortjener prisen for årets beste scenekunst i Bergen?

b
a

Stem på dine favoritter nederst i saken.

Den listige lille reven

Screen Shot 2014-01-09 at 11.00.05 PM

Bergen nasjonale opera
Grieghallen
Regi og koreografi: Inbal Pinto og Avshalom Pollak

Lenge før Ylvis: Den listige lille reven skreiv Leoš Janáček basert på ei teikneseriestripe i ei tsjekkisk avis. Operaen som handla om menneska, dyra og den store livssyklusen vi alle er ein del av hausta lovord frå kritikarane da den hadde si norgespremiere i Bergen i september. I dette dristige og rå eventyret for vaksne har Bergen Nasjonale Opera tøygd seg sjølv lengre, og lyktas med det. Utruleg flotte og leikande kostyme, snedig og eventyrleg scenografi og særs dyktige prestasjonar. Også samspelet mellom musikk, koreografi og scenografi er heilstøypt.

Mørketid

mørketid

Den Nationale Scene
Regi: Petter Næss

Det irske familiedramaet som gikk på Den Nationale Scene i januar og februar var ei gjennomført framsyning der alt klaffa. Mørketid er skrive av den engelske forfattaren Rebekka Lenkiewicz og regissert av Petter Næss, mellom anna kjent som regissør av store filmar som «Bare Bea». På scena stod Reny Marie Gaasand, Eirik del Barco Soleglad, Gerald Pettersen, Ellen Birgitte Winther, Thea Borring Lande, Ragnhild Hjorthøy og Frode Bjorøy, og publikum fekk komme tett inn på karakterane som ein følte at ein kjende etter dei to og ein halv timane framsyninga varte. Fleire store skodespelarprestasjonar og eit prakteksemplar av dyktig enseblespill. Vakker og allsidig scenografi; eit abstrakt titteskap som sprengjer sine eigne rammar. Eit rørande lyspunkt i mørketida.

De selektive

selektive_1

Teaterterminalen
Cornerteatret
Regi: Mari Sofie Andreassen

Frigruppa Teaterterminalen med kunstnarisk leiar Mari Sofie Andreassen har base i Bergen, og fleire av aktørane både på og av scena har bakgrunn frå Studentteatret Immaturus. Førestellinga fekk særs gode kritikkar frå media. Vårt Land skreiv mellom anna at «aktørene er strålende representanter for et tidstypisk politisk samtidsteater […]. De makter å få oss til å røpe vårt menneskesyn og brette ut vår moralske agenda». Det var ikkje akkurat ein enkel tematikk Andreassen hadde valt seg. Førestellinga stiller eksistensielle spørsmål om selektiv abort og sorteringssamfunnet – eit tema som både regissør og aktørar taklar med nyansar, overblikk og humor. Dette er vanskeleg tematikk, men eit utroleg godt samansett ensemble evnar å kome i hamn med ei god og tankevekkjande framsyning.

Far, far away

Screen Shot 2014-01-09 at 11.00.25 PM

Kristine Nilsen Oma
Korskirken
Regi og koreografi: Kristine Nilsen Oma

Den bergensbaserte dansekunstnaren Kristine Nilsen Oma har lyktast i å få mannen i gata til å sjå samtidsdans, spesielt gjennom samarbeidet med Bergen bymisjon i Korskirken. Det høgst personlege verket om oppveksten med ein narkoman far har hausta lovord frå publikum, og blir omtala som gripande og ektefølt, nakent og ærleg. Nilsen Oma gir dei som er råka i rusdebatten eit ansikt. Samspelet mellom dansekunstnar og musikar Øyvind Hegg-Lunde er i seg sjølv nok til å bli rørt til tårar.

Denne kategorien presenteras i samarbeid med Frontlosjen. www.frontlosjen.com