Apestrekar

Donkey Kong og digital imperialisme som allegorisk verktøy.

b
a

DONKEY KONG (1981) – sjå dokumentarfilmen The King of Kong: A Fistful of Quarters (2007) for historia om kampen om spelet sin high score – blir av mange sett som eit av dei første spela med eit utfyllande narrativ, mellom anna GamesRadar: «Donkey Kong had a clear, simple narrative that unfolded from beginning to end on the screen. Ape kidnaps girl, hero chases ape, ape falls as hero and girl are reunited. Nothing had to be inferred, nothing was unclear, and you didn’t need to wade through any supplemental manuals or pages of onscreen text to understand what you had to do and why you were doing it.»

Kan hende er ikkje narrativet fullt så eintydig som GamesRadar skal ha det til. Helten, ein bartepryda kvensomhelst som seinare skulle bli kjend som Mario, kan i denne soga òg sjåast som kvardagsrasisten som meiner at innvandrarane (apa, i arkaisk politisk ukorrekt overført tyding) kjem til hans heimland og «tar» jobbane og «stel» kvinnene «hans». I så måte blir skiljet mellom det gode og det vonde, protagonisten og antagonisten, helt og antihelt, uklårt.

Frå og med Donkey Kong Country (1994), derimot, blir scenarioet snudd på hovudet, så å seie, skulle eg til å seie, og med eitt handlar det heile snarare om den imperialistiske overmakta sitt inntog i eksotisk territorium og motstandskampen på grasrotnivå, ein geriljakrig som blir utkjempa av Donkey Kong med familie. Teorien om Donkey Kong Country som allegori til Banankrigane spesielt og amerikansk imperialisme i Søramerika generelt er velkjend, men kan hende er det nyttigare å lese serien i meir generelle vendingar. Slik kan serien vise seg å ha eit meir omfattande kritisk potensiale.

Å SJÅ PÅ DEN invaderande makta sin kultur og politikk vil her vere essensielt. I Donkey Kong Country var overgriparen ein einerådande tyrann og hans kua undersåttar, medlem av ein antropomorf krokodilleliknande rovdyr-art kalla «kremlings», som stal bananar og forureina naturen med sin storindustri. Ved sidan av referansen til Kreml og den autoritære staten delte desse dessutan trekk med multinasjonale matprodusentar samt internasjonale oljegigantar og deira ofte bøllete og miljøskadelege framferd. Kremlings har seinare i serien vore ein attergangar, men med Donkey Kong Country Returns (2010/2013) blei dei erstatta med ei stormakt av annan karakter, nemlig Tiki Tak-stammen. Tiki er i māori-mytologi ofte den skapande ur-mannen, og slik går Donkey Kong-serien inn i religionskritisk terrarium. I nokre myter er tiki namnet på menneskeheita sitt opphav sitt pumpande kjønnsorgan – i spelet er Tiki Tak-stammen på bananslang, og det dei brukar desse Donkey Kong-familien sine fallos-forma næringsmiddel til er nettopp å reprodusere seg sjølve, som ein variasjon over den gnostiske demiurgen – den antagonistiske, materielt fikserte guddommen.

Med Donkey Kong Country: Tropical Freeze (2014), som nyleg kom ut til Nintendos Wii U, har serien returnert til sin velkjende materialistiske og politiske tematikk. Fienden her er ein horde pingvin- og kvalross-liknande skapningar i vikingskip og vikinghjelmar, som kjem til Donkey Kongs tropiske strøk for å fryse landet til is – men ta det ikkje ille opp, kjære nordbuarar: Pingvinar bur naturleg berre sør for ekvator, så det er openbart at viking-tematikken er intendert allegorisk, ikkje som ei personleg fornærming mot dine anar.

KVA ER INTENSJONEN, spør du? Eg anar ikkje. Spel spelet og finn det ut sjølv, for som all stor kunst er Donkey Kong Country: Tropical Freeze ope for tolking og fylt med fallossymbol i fleng. Donkey Kong har slips, til dømes, og gamlefar, Cranky Kong, har spaserstokk. Og så var det noko med ein avlang frukt.

Åja, dessutan er spelet artig å spele. To tomlar som kan bøyast inn mot resten av handa i veret.

 

Topp 3 – Hald auge med desse:

1. South Park: The Stick of Truth (Win, PS3, 360)– South Park sparkar i alle retningar for å gjere verda til ein betre stad, og eit spel som liknar på ein South Park-episode – i motsetnad til South Park (1998) – kan ein setje pris på.

2. Broforce (Win, Mac, Linux) – Løp løp skyt med din favorittactionhelt: Rambro, Bro Hard, Brobocop, MacBrober… Charles Bronson? Saman med fektespelet Nidhogg sin framifrå multiplayer er retrospelopplevinga komplett. Gratis prototype tilgjengeleg på Internet.

3. Shadowrun: Dragonfall (Win, Mac, Android, iOS) – Shadowrun Returns returnerer med eit splitter nytt scenario sett til framtids-Berlin. Der Donkey Kong Country: Tropical Freeze tar for seg issprutande dragar i varme strøk, tar dette for seg eldsprutande dragar i cyberspace. Topp stemning!

Donkey Kong Country: Tropical Freeze