Mækra med dit kjende Ljod!

Geitene, dei spring. Bjellene, dei kling. Singelingelingelingelanglanglang.

b
a

SOM JOHN CUSACK ein gong i fordums tid skreiv i ein gjesteartikkel på BoingBoing.net:

«Absurdism is the logical extension of the truth — or of current trends. Surrealism is true because it unearths the subconscious, the stuff of fever dreams and fractured memory. It exists if one has the guts or madness to bring it to be…»

Cartoon Networks vaksenavdeling Adult Swims absurdistiske sci-fi-komedie Jazzpunk (Windows, OS X, Linux) frå tidlegare stunder i dette Herrens kalenderår var og blir hysterisk komisk, men har no fått ein utfordrar til trona for mest absurdistiske spel i 2014: Det framifrå Goat Simulator (ute no til Windows; Linux og OS X etter kvart) fortel legenda om ei stormannsgalen geit – lang i kjaken, skjegg under haka, listig og lystig og lett på tå – som plagast av vrangførestillingar om at ho er dronninga over alle geiter i verdsaltet. Ikkje så rart, i grunn, for geita blir tradisjonelt, grunna hennar framifrå klatreevner, tolka som symbol på det overlegne. Truleg nettopp difor ser ho det som sin rett å fritt kunne herje med borgarane i ei lita bygd og alle deira materielle eigedelar – bilar, bensinstasjonar, anti-gravitasjonsforskningsfasiliteter – og bruke trampolinene deira utan tillatelse, både med og utan jetpack montert på ryggen, med klover og horn (som simultant fungerer som symbol på fallos og holrom) som våpen.

«Han fortsette mot konklusjonen om at å spele eit spel kalla Goat Simulator framstod som ei fullkome logisk prioritering av tid»

Goat Simulator er ei forvitneleg lita sandkasse med fokus på å setje opp fysiske lovar som er til for å brytast, framstilt på få veker (lik ein såkalla game-jam, og vi veit vel alle godt at mykje godt kan komme ut av improvisatorisk samspel) og tettpakka med bugs av den gode gamle sorten – den typen ein kan utnytte for stadig eskalerande slapstick-effekt, i stadig aukande tal meter over det digitale havet.

Ein lev (kanskje) berre ein gong, som ein skotsk journalist nyleg påpeikte for meg, før han fortsette mot konklusjonen om at å spele eit spel kalla Goat Simulator framstod som ei fullkome logisk prioritering av tid, i tilfelle ein ikkje opparbeider seg akkurat riktig karma i dette livet og blir reinkarnert som geit i eit eventuelt neste liv.

EIN ANNAN MOGELEGHEIT til å skape virtuelt kaos i opne digitale landskap kjem med pre-alpha-utgjevinga av Carmageddon: Reincarnation (tilgjengeleg på Steam Early Access for Windows, òg under utvikling til PS4, One, Linux og OS X).

Før Grand Theft Auto (1997) kom ut – fire månader før – kom eit anna spel som let spelaren køyre bil i fristil over folk og fe, nemleg Carmageddon (1997). Carma hadde ikkje den same mafiøse anden over seg som GTA, men utarta seg meir som ein utagerande racer der vegen til siger oftast gjekk gjennom hemningslaus destruksjon. Sjølv om blodbadet var det primære salspunktet, var det i røynda fysikkmotoren, uovertruffen heilt fram til vår tid, som gjorde Carmageddon til ein omspelbar affære som stadig maktar å engasjere, sjølv i dag. Iallfall nokre av oss – den Kickstarter-finansierte tilbakekomsten er uansett velkomen, og smakebiten vi har blitt servert lovar knakande godt.

Sidan det er tale om eit pre-alpha-produkt, som med andre ord er langt frå ferdig, kjem Carmageddon: Reincarnation i likskap med Goat Simulator òg komplett med eit utal bugs. Men, i motsetnad til Goat Simulator-utviklaren Coffee Stain, som har som uttala mål å ikkje luke ut bugsa sidan desse står for circa halve moroa, har Stainless Steel som mål å etter kvart transformere Carmageddon: Reincarnation til eit komplett, polert produkt. I si noverande, langt frå ferdigstilte tilstand framstår det som ein heller lovande gjenoppliving av originalen sin forkvakla essens. Livet er kort – tør du å gamble på at du fortsatt er i live når spelet når versjon 1.0?

 

Observer i mai:

1. Tesla Effect: A Tex Murphy Adventure (Windows, Linux, OS X)

Den interaktive sci-fi film noir-serien frå nitti-talet returnerer, komplett med campy humor og forvitneleg elendige spesialeffektar.

2. Dark Souls II (360, PS3, Windows)

Dauden kjem til å ta din digitale avatar om att og om att på hans eller hennar reis gjennom eit nytt digitalt memento mori. Nyleg utgjeve til Windows PC.

3. Child of Light (Windows, PS3, PS4, 360, One, Wii U)

Nusseleg fantasy-plattform-RPG frå designaren bak det framifrå Far Cry 3.

Goat Simulator