– To grusomme gufsespel!

Takk og lov! Det okkulte og guddommelege dominerer spelhausten

b
a

OPPFØLGJAREN TIL BAYONETTA handlar om heidenske skikkar som hekseri og trolldom, og gjeng føre seg i eit ekstremt postmoderne univers av ljos og mørkre, der oppfatninga er røynda. Bayonetta 2 er den til no beste grunnen til å kjøpe Wii U, for det kjem ut eksklusivt til denne fredsæle konsollen med rørslesensorar og tafseskjerm på kontrollblokka. Amen! Men, det er heller lite bornevenleg, så ein lyt leggje til at det er den beste grunnen til å eige ein Wii U ved sidan av Super Mario 3D World. Lat dei små borna kome til Mario, som Jesus sa.

Ja, for sjølv om Mario er ein valdsmann (kven er vel ikkje det), og interessert i enteogeniske substansar (kven er vel ikkje det), er han høveleg barnevenleg. Det er Jesus òg, men i det splitter nye spelet Fist Of Jesus – The Bloody Gospel of Judas, må Jesus og Judas kjempe med nebb og klør og fisk for å nedkjempe ein horde zombiar Jesus ved eit uhell har vekkja til livet. Sanneleg! Det seier eg dykk, no kan du og dine vener spele som både Judas og Jesus om ein annan i ein himmelsk valdsorgie av bibelske proporsjonar i praktfull 2D-grafikk. Cowboyzombiar finst her òg, og musikken minner om himmelsk fred i sann spaghetti-western-stil.

Lat dei små borna komme til Mario, som Jesus sa

Eit kjærkome tillegg til rekkja av spel med Jesus i hovudrollen, slik som Run Jesus Run, eit evangelium på 10 sekund. Her kan Jesus ligge sveipt i krubberom, forsake djevelen, gå på vatnet, you name it – alt i løpet av 10 sek! I Fist of Jesus kan han banke zombiar med hender, fisk og stokk. I Super Smash Bros. for Nintendo 3DS kan ein banke Super Mario med nevene til Luigi, Zelda, Link, Mega Man, Sonic, Samus … Det handlar nemleg om å klaske kjende karakterar frå Nintendo-relaterte spel til himmels med kjende karakterar frå Nintendo-relaterte spel. Smash Bros kan alltid anbefalast, no altså i stereoskopisk illusjon av romlegdom. Evig herredom!

NÅR DET GJELD BAYONETTA, så er det ikkje berre utøving av ultravald som gjer ho lite barnevenleg – det er òg eit problem at ho er ei digital framstilling av ein kvinneskikkelse som «veit» å spele på sine kjønnslege atributtar. Nokre vil skrike «objektifisering!», andre vil hyle «myndiggjerande!», medan mange vil bli sitjande og sikle på frennulum – meir enn nok til å få det attrådde objektet brent på bålet for hekseri, med mål om å redde den fortapte heksesjela frå evig pine og fortaping. I Bayonetta 2 lyt heltinna redde ein fortapt heksekollegasjel frå helvetet, der ho har hamna av di det visst er der heksar hamnar viss dei døyr. Men dette er eit univers av ljos og mørkre, der oppfatning er røynda, nett som universet der vi bur, orientert som det menneskelege sanseapparatet er etter kontrastar, orientert som det menneskelege moralske apparat er etter «ljos» og «mørkre» – «we create reality wherever we go by living our fantasies,» som Jerry Rubin sa – og magi er jo som kjend «the science and art of causing change to occur in conformity with will.» – litt slik spelaren skapar ein vill koreografi av hud, hår, blod og statuar på skjermen med sine trykk og gnukk på kontrollaren, kan hende. Bla bla bla.

TA IKKJE FEIL: I Bayonetta 2 får ein reise til himmelske strøk òg, men dersom ein vil ha meir helvetesyngel å stri med, så er det skrekk-overlevingsspelet The Evil Within som tel. Det skulle kunne meistre å surne til nakkemuskulaturen hos den mest avbalanserte spelentusiast. Adrelinet kjem av konstante gufs, og frustrasjonen ved å bli drept gong etter gong får adrenalinet til å pumpe heftig gjennom blodårene. Hurra! Og ein kan gøyme seg i skap. Og ein kan gøyme seg i skap i Alien: Isolation, der ein blir jakta på av ein god, gamaldags Alien i gode, gamaldagse, retro-futuristiske Alien-aktige omgjevnader. Grøss og gru og huttemegtu. To grusomme gufsespel på same tid! Frelsa er no æveleg!

3 AKTUALITETAR

1. The Vanishing of Ethan Carter
(PC)
Finn forsvunne Ethan Carter i naturskjøne omgjevnader ved hjelp av paranormale blikk inn i det hinsidige. Ute no.

2. The Talos Principle
(PC, Mac, Linux, PS4, Vita)
Croteam kompenserer for den brautande (og bunnsolide) Serious Sam-serien med ein «filosofisk førstepersonspuslar». Kanskje ute no.

 3. Far Cry 4
(PC, PS3, PS4, 360, One)
Døm sjølv om det nyaste innslaget i 2000-talets mest interessante førstepersonskytar er like homo- og xenofobt som fordomsfulle Internettbuarar skulle ha det til. Etter planen ute 18. november.