– Spørsmålet er kvifor svenskane omgir seg med nyrike, kvardagsrasistiske blærer

Den politisk korrekte svensken teikner eit fordomsfullt bilete av nordmenn, skriv Knut Robert Knutsen.

b
a

Knut Robert Knutsen

Lektor/Cand. philol.

Innlegget er et svar på svenske Annika Sanders kronikk om Norge, «– Et land fylt med nyrike idioter som mangler empati»

Enkelte svensker kjem over til Oslo og andre større byer. Dei jobbar som bartendere på nattklubber, som servitører på dyre restauranter, eller går på Westerdals og omgir seg difor med eit snevert utval av nyrike, kvardagsrasistiske blærer. Så skriver dei innlegg i svenske aviser om korleis alle nordmenn går på dyre nattklubbar og restauranter og snakkar skit om andre folk. 

Kor lenge skal vi late som om vi ikkje ser at dette er eit fordomsfullt bilete av nordmenn, basert på at svensker er forutinntatt i forhold til Noregs «rikdom»

Annika Sander kunne like gjerne skrive ein artikkel om at alle nordmenn går på Westerdal og ynskjer å jobbe i reklame.

Det gjentek seg i kvar einaste artikkel i denne sjangeren. Nordmenn vert uthengd som sneversynte, fordomsfulle, blærete – og ufordragelege i sin rikdom, sjølvsagt.

Kor lenge skal vi late som om vi ikkje ser at dette er eit fordomsfullt bilete av nordmenn, basert på at svensker er forutinntatt i forhold til Noregs «rikdom». At desse svenske ungdomane kjem over her for å jobbe og feste og difor omgir seg med ein gjeng mammagutter og pappajenter med gullkredittkort som har både råd og høve til å feste kvar kveld.


Og at dei stemplar heile Noreg utifrå det snevre utvalet av nordmenn som dei sjølve vel å forhalde seg til.

Er ikkje spørsmålet heller kvifor så mange svensker med skrivekløe omgir seg med nyrike, blærete kvardagsraistar? Eg har 42 år her i landet og sjølv om eg har truffe på mange rævhol så har eg ikkje truffe på ein slik konsentrasjon av denne typen nokon stad, ikkje eingong på Universitetet.

Men svenskar treffer på dei med ein gong.

Eg er til dømes ein teikneseriefan og ein fan av sci-fi og fantasy så når eg reiser rundt i Noreg tek det ikkje lange tida for meg å finne ein stad der det er folk som likar det same som meg. Musikkentusiastar finner andre musikkentusiastar, folk som liker bøker finner næraste bokhandel. Ganske enkelt.

Kanskje desse svenskane som skriver om norske nyrike blærar burde løfte blikket litt og kanskje kommentere nordmenn utanfor eigen adressebok?