Nyttårsgaming: What to do etter og i joleferien

Ting å ta seg til i sofakroken medan ditt legeme jobbar med å auke feittprosenten.

b
a

Den reinaste julegraut av kålrabistappe, rosenkål, potetar, surkål og nøttesteik prossesserast av førdøyingskanalane i legemet ditt sine irrgangar. Jolefreda har for lengst senka seg over (delar av) vår jord, og mor, far og/eller barn har gått til sengs. Dersom du vil vie denne fredsæle augneblunken til eit spel som tematiserer nettopp denne post-fråtse-tilstanden, vil du kan hende setje pris på action-rollespelet Fat Princess Adventures, der heltinna et kake for å regenerere helse, og blir feit dersom ho et for mykje. «Not that there’s anything wrong with that,» som forteljarstemma opplyser om, og uansett renn feittet fort av deg, så iherdig som du svingar med armer og andre kroppsdelar mot dine stakkars fiendar.

Dersom du derimot er ute etter ei speloppleving som står i kontrast til den fredfulle stemninga som har senka seg over din lokale del av kloden, kan du fyre opp Just Cause 3 (PS4, Xbox One, PC), der hovudpersonen Rico Rodriguez – actionhelt og fridomsforkjempar extraordinaire (for fridom er nøkkelordet i dette spelet) – og hans ideologiske kompanjongar, som tittelen antyder, har rett til å tråkke over lik i kampen for å frigjere øyriket Medici frå general Sebastiano Di Ravello sitt diktatoriske einevelde. Og sjølvsagt, just because. Collateral damage er ikkje av nemneverdig konsekvens – i grunn ser ingenting ut til å bety noko særleg her. Spelet fokuserer på hjernelaus moro i ei gigantisk sandkasse av ei open verd, eller, rettare sagt, open arkipel. Eksplosjonar i bøtter og spann og airtime i tusinde fold der du svever over vatna med vingedrakta di, opnar fallskjermen, skyt ut gripekroken… Tyngdekrafta fungerer ikkje på heilt samme vis her som der du er. Vent og vakkert er det òg, ein virtuell sumardag i vinteren her i nord.

Kvit jol i Rise of the Tomb Raider på Xbox One

Kvit jol i Rise of the Tomb Raider på Xbox One og 360

Som sagt, her har handlingar heller få negative følgjer, og dauden er til å kimse av – den verste straffen for å ikkje klare å halde Rico Rodriguez i live er at du lyt vente gjennom ein ofte litt for lang ladeskjerm. Om du drep ei mengd av dei du liksom skal frigjere, har ikkje det noko å seie heller – berre eit tørt, PR-fokusert «oooh, that didn’t look good». I Rise of the Tomb Raider (Xbox One/360), derimot, står livet og dauden i sentrum. Medan Tomb Raider (2013) var nær ei sublim naturoppleving i spelform (vi brukte det den gang då spelet var nytt som eit godt døme på at level designaren kan hende har overtatt rolla landskapsmålaren hadde i fordums tid), byr Rise of the Tomb Raider på stadig meir forvitnelege virtuelle landskap. I likskap med Just Cause 3 sitt øyrike, er det faktisk ganske forunderleg kor bra det heile ser ut, og difor ville det vore synd at actionsekvensane ofte overskuggar den virtuelle naturopplevinga, hadde det ikkje vore for at denne historia om daud og evig liv og røyre faktisk inneheld nok djupne til at ho er vel verdt å klatre, hoppe, jakte, springe, slenge og plaffe seg gjennom. I 2013-innslaget måtte den stakkars Lara Croft gjennomgå ei ofseleg grøssarsoge, med eit guffent tilsnitt av nekropornografi der ho hang frå taket som eit anna stykke kjøt og stadig vekk vart slengd rundt som ei hjelpelaus dokke fastklemd i reinkarnasjonen sitt overkøyrande hjul, med forferdelege dauds-animasjonar på repeat. Sjølv om forgjengaren absolutt var imponerande, har det heile no fått meir substans – og den virtuelle fotturen til fjells er desto meir sublim. Ah! Store naturopplevingar frå sofakroken, medan du tafsar på kontrollaren med smultmarinerte feittfingrar! Men, altså, dersom du er PS4-spelar og krev fantasifull Indiana Jones-aktig arkeologaction kan du jo ta fatt på Uncharted: The Nathan Drake Collection medan du ventar – Uncharted 4 kjem etter planen i vinter, Rise of the Tomb Raider er Xbox-eksklusiv i eit års tid.

Indiana Jones, ja, han hadde vi neppe sett mykje til utan George Lucas, og no når det er tid for å sjå Star Wars Episode VII – The Force Awakens i 3D på din lokale kino, kan du bade deg i stadig meir Lucasfilm-nostalgi i form av Star Wars Battlefront (PC, PS4, Xbox One) på PC, PS4 og Xbox One! Skyt med laserpistol og -gevær som soldat i imperiet eller motstandsstyrken – i likskap med Just Cause handlar Star Wars om politisk maktkamp, ideologi, korrupsjon og useriøs moro. Det fins eit vell av spelmodi her, men den mest haldbare, supremacy, byr berre på fem brett: ørkenplaneten Tatooine (A New Hope), isplaneten Hoth (The Empire Strikes Back), skogen på Endor (Return of the Jedi), ein eller annan stad kalla Sullust og ørkenplaneten Jakku (The Force Awakens), som til forveksling ser ut som ørkenplaneten Tatooine (A New Hope), den kolde og golde isplaneten… Ikkje den heilt store variasjonen i omgjevnader, men moro er det. Farleg moro – for du kan jo berre ta ein runde til… og ein til… og ein til… om og om att…

Meir sci-fi i eit anna politisk betinga ørkenlandskap finn ein i rollespela Fallout 4 (PC, PS4, Xbox One) og Wasteland 2: Director’s Cut (PC, PS4, Xbox One), som begge foregår i ei verd øydelagt av eit sprut sprøtt politisk klima. I tilfellet Fallout 4 er det ved eit kosmisk tilfelle akkurat din karakter som overlev både atomkrig og eit grusomt komplott mot deg og familien din, og vaknar direkte frå djupfryst tilstand hundre år seinare. For ein augneblunk sidan, i di subjektive oppleving, var du husmor eller far i huset, no er du ei fryktlaus drapsmaskin, fullstendig skruppellaus og fast bestemt på å finne ut kva som har hendt med din kidnappa kid. Eller kan hende vil du heller vandre gjennom audelandet på utkikk etter å score postapokalyptiske rusmiddel? Det kan du òg gjere, samstundes som du jaktar ned muterte moldvarpar og bjørnerotter, selger skinnet og drikk deira radioaktive blod. Slik er det, det er opp til deg. Sånn cirka seksten til tohundre og åtti timar tar det uansett.

Dersom du er Wii U-eigar og svolten på ein ikkje-vestleg RPG som tar minst like lang tid, kan du ta for deg Xenoblade Chronicles X (Wii U), som òg er ei postapokalyptisk soge. Denne postapokalypsen foregår på eit romskip, den reinaste Noahs ark, som har smutti gjennom eksosfæren midt i eit planetarisk bombeangrep, sveva gjennom kosmos og krasjlanda på ein planet med interessant flora og særleg interessant fauna. Dette er oppfølgjaren til Xenoblade Chronicles (2011, Wii, 2015, New Nintendo 3DS), uoffisiell oppfølgjar til ei rekke andre spel med Xeno i tittelen. Likskapen til forgjengaren er i stor grad i anda. Uansett tar det rundt rekna femtito til tohundreognittitre timar å spele gjennom, avhengig av kor god tid du har til sideoppdrag og denslags.

Kan hende foretrekk du meir kompakte spelopplevingar? I så tilfelle kan Beyond: Two Souls (originalt til PS3. nyleg nyutgjeve i oppdatert utgåve til PS4), det filmatiske spelet med esoterisk sci-fi-tematikk og Willem Dafoe og Ellen Paige i hovudrollane, eller det filmatiske spelet med kvantefysisk sci-fi-tematikk kalla Life is Strange (siste episode av fem er ute no på PC, PS3, Xbox One, Xbox 360, PS4 og Mac) vere det du skal kaste bort tida på. Dei kan begge anbefalast på det varmaste.

Tre ærbare nemningar på tampen av året:

Undertale (PC, Mac)

Indie-rollespel om ven- og fiendskap som har fått dei fleste til å gå av skaftet av pur sorg og glede sidan det blei utgjeve i september.

System Shock: Enhanced Edition (PC, Mac)

Det klassiske cyberpunk-eposet frå 1994 i oppussa utgåve, utgjeve på nytt på GOG.com til glede for nye og gamle spelarar medan vi ventar på den enno meir oppussa remaken.

Pathologic HD (PC)

Det klassiske russiske survival-horror-eposet frå 2005 i oppussa utgåve, utgjeve på nytt til glede for nye og gamle spelarar medan vi ventar på den enno meir oppussa remaken, som etter planen kjem hausten 2016.