Her er de nominerte til Årets scenekunst!

Stem på din favoritt!

b
a

Prisen for årets scenekunst gis til et konsept som ifølge NATT&DAGs redaksjon har utmerket seg spesielt i årets live-flora. Det gjelder alle årets tre nominerte, som er valgt ut av NATT&DAGs redaksjon. De er alle vinnere!

Stem på Årets scenekunst her!

Du kan lese mer om de nominerte i alle kategorier i desemberutgaven av NATT&DAG, som kom ut 8. desember.

Prisutdelingen gjøres på Årets beste-festen på Sentrum Scene 3. februar. Hold av datoen!

De nominerte til Årets scenekunst er:

Det går bra

Antiteateret har på sett og vis erobra ein tom spot 
i scenekunst-oslo ved å insistere på å lage framsyningar for dei som ellers ikkje ville gått på teater. Såleis har dei møtt eit behov som folk ikkje visste at dei hadde, og berre det er jo godt gjort. Dei har laga teater om det å vere ung vaksen i 2017. Mikkel, Mathilde, Tarjei, Jenny, Malin, Sebastian og Paal Herman speler seg sjølv i stykket. Forestillingens manus ble utvikla av skodespelarane og eit kunstnerisk team med Even Torgan som hovedansvarleg.

Resultatet er ei metadokumentarisk generasjonsskildring som er både ærleg og sjølvransakande. Hvorfor blir det nesten ikke noe pensjon til vår generasjon? Går det bra? Sorry, jeg må på Blå og drikke meg så dritings sånn at jeg kanskje glemmer hvor jeg er i noen sekunder. Dersom du får tatt ein pause frå utelivet på Blå og pensjonsdepresjonen din kan du glede deg til neste framsyning av Antiteateret. Prisverdig scenekunst anno 2017.​

Les også: En rapport fra en utflukt til Antiteaterets forestilling nr. 14: SNORK

The Book of Mormon

Kva hender når ein kombinerar South Park-skaparane Matt Stone og Trey Parker med Are Kalvø? Jo, då knelar billettsystemet på Det Norske Teatret. Musikken er som riven ut av ein Disney-film og tekstane er grovare enn raptekstane til Skolekorps. Likevel er dette krenkefri sone. Tekstane er skrivne og framført med kjærleik og kløkt, og det er det som gjer at framsyninga fungerer så godt som den gjer.

Musikalsjangeren visar seg dessutan å vere eit ypperleg format for denne type religionskritikk og det glattpolerte imaget til mormonerkyrkja glir rett inn i Broadway-estetikken. Så då er det berre å legge sjangersnobberiet vekk og booke hotell, buss og showpakke og kooose seg med satiriske vers og synkrone dansesteg. Sorry.​

oslo

Mette Edvardsen sine framsyningar er ikkje teater, ikkje dans, ikkje tekst, ikkje koreografi, ikkje poesi, men noko midt mellom alt dette. oslo er leik med ord og forestillingsevne. Ho stiller seg midt på scenen og byrjar å fortelje: A man walks into a room unhappy. A man walks into a room happy. A man walks into a room and something happens. Uttrykket er minimalistisk, scenen er nesten tom og teksten har teke kontroll over høgre hjernehalvdel.

Den produserer dei raraste situasjonar og spelar dei av som ein film på netthinna medan Edvardsen fortel. Kunsten ho skapar er grandios, men lågmælt, vittig, men sober og detaljrik trass i det minimalistiske uttrykket. I oslo (som forøvrig er eit anagram for solo) er det kun ein person som fortel, men rundt henne kryr det av imaginære figurar som saman utgjer alt og alle. Frå ein person på scena spring det ut ein heil by. Vel verd ein pris.​