«Gratulerer» – Else Kåss Furuseth er best på teater

Else Kåss Furuseths «Gratulerer» er ei viktig framsyning. Det er ikkje nok å berre seie at den var god. Dette er ei framsyning folk burde gå å sjå.

b
a

I Noreg er det i fylgje tal frå Folkehelseinstituttet om- lag 500-600 folk som kvart år tek sitt eige liv.

I eit døme frå nettsidene deira står det at om ein reknar 10 pårørande per sjølvmord så vil 5000-6000 nye pårørande bli ramma i Noreg kvart år. Verdas Helseorganisasjon (WHO) sette i 1993 opp ei liste med 6 førebyggande tiltak. Fyrste punkt på denne lista er betre psykiatrisk behandling. Få undersøkingar er gjort på kor mange som går i terapi i Noreg, kvifor vi går i terapi og kven desse er. Tidsskrift for Norsk psykologforening skreiv i 2009 at blant folk i slutten av 20-åra har kvar sjette kvinne og kvar tiande mann vore hos psykolog.

Dette er 9 år sidan, og det er grunn til å tru at det berre har vorte mindre stigmatisert sidan den gong. Else Kåss Furuseth venta i seks år med å gå til psykolog fordi ho syns det var jålete, men fann ut at det ikkje var noko big deal då ho til slutt sa det til kollegaene sine. «DET var godt å høre, ikke en dag for tidlig!» Var responsen ho fekk.

I 2011 laga ho framsyninga Kondolerer. No har ho laga oppfølgjaren Gratulerer. Begge framsyningane handlar om tapet av mora og broren som begge tok sine eigne liv. Else var 11 då mora døydde, og då ho var 28 skulle ho også oppleve å miste storebroren sin. Gratulerer held fram der Kondolerer slutta. «Det går an å leve videre» er siste replikk i Kondolerer. OK, men korleis gjer ein det? Er det på tide å gå til psykolog? Dette eit av dei sentrale spørsmåla i Gratulerer.

I 2018 må ein vel innsjå at teateret er ein marginal formidlingsarena som verken appellerer eller når ut til breie lag av befolkninga, men det hender at det dukkar opp framsyningar som mange bør sjå. Då er det bra vi har internett. Det Else driv med i desse to framsyningane er slik eg ser det rein folkeopplysning. NRK har alltid teke folkeopplysning svært alvorleg, så difor er Kondolerer (frå 2011) å finne på nett-TV.

For å sjå Gratulerer må ein ta turen ned på Nationaltheatret.

      LES OGSÅ: Antiteatret har laget bra scenekunst, årets beste faktisk

På vegen bort til Nationaltheatret vert eg stoppa av ein mann med Just Eat-logo på capsen. Eg er midt i ei lydbok av Ben Lerner. Det er kampanje! Seier Just Eat-mannen og vil gi meg ein rabattkode. «Eg et ikkje sånt» Høyrer eg meg sjølv seie før eg strener vidare. Lat meg berre understreke at eg vanlegvis ville ha smilt og sagt «nei takk». Eg veit ikkje kva som stakk meg denne dagen, for dette var blank løgn. Berre halvtimen tidlegare hadde fortært ein ferdigpizza frå Dr. Oetker med chili-bearnaise frå Eldorado i sofaen medan eg såg Kondolerer.

«Det siste brodern gjorde før han tok livet sitt, var å gi meg en badevekt og si at jeg måtte gå til psykolog. Han sa hodet mitt var en gassballong og at jeg alltid måtte trille sykkelen over fartsdumper for ellers ville det eksplodere.» Det skulle gå seks år før ho følgde rådet til bror sin. Psykologen til Else får henne etter kvart til å omfamne klisjéen om at ein er god nok som ein er,  sjølv om ein er ganske ræva. Det kan det jo vere greit å hugse på neste gong ein lyg til uskuldige folk som deler ut rabattkoder for hurtigmat.

Publikum består av ein stor andel kvinner på mor mi sin alder. Eg tjuvlyttar til samtalane deira før framsyninga byrjar. «Vi så den første hun hadde vi, Vivian og jeg. Det var sterkt, ja jeg må si det.» «Det er hun fra Nydalen du vet, eller – hun er fra Jessheim, men heter Furuseth. Hun var med på det humorprogrammet på torsdagene som gikk her forleden.»

Det er eit godt stykke frå Torsdag kveld fra Nydalen til denne framsyninga. Else Kåss Furuseth opererer i ein anna kvalitetsmessig humor-liga enn det Torsdag kveld fra Nydalen gjorde, sjølv då dei var på sitt beste. Regissør Arvid Ones, som også har jobba med Ylvis, har hatt regien på begge framsyningane hennar. Den er stram og konsis, men det må den kanskje vere når ein skal vitse om noko som er så grusomt og trist som sjølvmord.

LES OGSÅ: Anbefalt: Arne Lygres «La deg være» på Nationaltheateret

I det som for meg vart ståande som ei av dei naste scenene i heile framsyninga, fortel ho eit barneminne ho har om mor si. Ho fortel om korleis mora brukte å ta på seg ei Levis-bukse som var så trang at ho måtte liggje på golvet for å få den på, for så å danse omkring i berre BH-en til Tina Turner på full pinne. In your heart I see the start of every night and every day. In your eyes I get lost, I get washed away. Just as long here in your arms I could be in no better place. You’re simply the best, better than all the rest. Better than anyone, anyone I ever met.

Teksten til Tina, den massive lyden frå anlegget i Am scenen og dei imaginære bildene av ei mor som trassar mørkret og rockar laus, får meg brått og uventa til å grine. Det sler meg at vi ikkje har tilgang på andre sine tankar og difor aldri kan vite akkurat kva krefter som er i omløp. Sjølv ikkje hos dei vi kjenner aller best.

«Jeg har så mange spørsmål som jeg ønsker å få svar på, men det vet jeg at jeg ikke kan få.»

Dette er ei viktig framsyning. Det er ikkje nok å berre seie at den var god. Dette er ei framsyning folk burde gå å sjå. Mest fordi den er gøyal, men delvis også fordi vi truleg kjenner nokon som kjende nokon som ikkje orka å leve lenger. Ein kan sjå dokumentar etter dokumentar om dette store og vanskelege temaet, men eg trur ein har like mykje igjen for å sjå Gratulerer på Nationaltheatret.

Forestillinga går jamnleg heilt fram til oktober.