«God of War» er eit spel nesten alle burde stifte kjennskap med

Det er ikkje lett å vera far når ein reiser i magiske omgjevnader i mytologisk tid over ei rekkje parallelle dimensjonar.

b
a

Mamma mia, det kan ikkje vere lett å vere far. Det har alle som har vore borti Octodad: Dadliest Catch (dei fleste platformar, 2014–) erfart. Her lyt ein svinge rundt på blekkspruten Octodads dresskledde tentaklar i ein serie iherdige forsøk på å prøve så hardt ein berre kan å unngå å bli avslørt som det blautdyret han er, i bryllaup, på kjøkkenet, bak grillen, på handletur og under alskens andre gjeremål som følgjer med familiefarslivet.

Les også: Far Cry 5 byd på karismatiske forkynningar, sterke rusmiddel og ville vengjedraktstunt

Nett no om dagen ser utforskinga av farsrolla ut til vere på oppsving i spelverda. I den absurdistiske thrilleren av ein Japan-simulator Yakuza 6: Song of Life (PS4) trer spelaren inn i rolla som kriminell, men kjærlig barneheimseigar, adoptivfar og -bestefar – dette er ei forvitneleg sandkasse av eit spel der ein innimellom gateslåstkampane kan slappe av med aktivitetar som karaoke, mahjong og restaurant- eller katteklappekafebesøk.

Remothered: Tormented Fathers (Win, kjem òg til PS4, XB1) er eit italiensk horrorspel som bøyer og strekk på kjønn i både den eine og andre retninga, tufta på idear om manipulerande barneoppseding enno mindre oppløftande enn Yorgos Lanthimos’ dystopiske film Dogtooth (2009).

Joseph Seed, antagonisten i Far Cry 5 (Win, PS4, XB1), som vi la ut om i førre utgåve, går under tilnamnet The Father, sjølv om tematikken i spelet ikkje akkurat krinsar rundt den tradisjonelle foreldrerolla – han er snarare ein patriark av den religiøse sorten. Og i God of War (PS4), den framifrå fortsetjinga og moderniseringa av hack’n’slash-serien som har holdt det gåande sidan 2005, speler du rolla som Kratos, pappa og gresk gud i sjølvvald eksil i norrøne omgjevnader.

Les også: «Mot i Brøstet» drar på turné: – Her spares det ikke på konfekten! :))))

Forholdet mellom foreldre og barn er den primære drivkrafta i God of War. Mor har nyleg gått bort, og Kratos og son hans, Atreus, lyt dra skrottane sine opp på det høgaste fjellet for å spreie oska hennar – hennar siste ønske, og kan hende eit ledd i eit større komplott.

Det er tale om eit hardtslåande spel som flyt forunderleg silkemjukt av garde, og meistrar å balansere rå action med ei kjenslevar soge som brettar seg ut i magiske omgjevnader i mytologisk tid over ei rekkje parallelle dimensjonar – altså Midgard, Helheim, Jotunheim osv., som ein reiser mellom ved hjelp av eit portalapparat montert i Yggdrasil, verdstreet.

Mottakinga av God of War var så samrøystes positiv at regissøren Cory Barlog blei rørt til tårer då han såg at spelet hadde fått høgaste karakter over brorparten av fjøla. Som seg hør og bør her i 2018, filma han sin eigen reaksjon då embargoen på omtale av spelet blei løfta. I beskrivinga av videoen skriv han at han valde å publisere den tårevåte webkameradokumentasjonen på Youtube for å vise son sin at det er greitt å vere lei seg. Gutar skal ikkje gråte, eit problem denne helten av ein speldesignar-pappa har bidrege til å endre.

Les også: Smil & Gift møter Nicolay Ramm

I God of War styrer ein ein gravalvorleg muskelbunt av ein klumsete krigsgudfar med ein pil og boge-skytande spirrevipp på slep, og medan det er utviklinga av forholdet dei imellom som står i sentrum i narrativet, tar spelet òg for seg morsrolla på både det eine og andre viset.

Sjølv om desse mødrene ikkje er spelbare, er dei likevel sterke og dynamiske karakterar som står sentralt i soga og kan hende kan vere til inspirasjon for spelbare karakterar i framtida. God of War er uansett eit spel dei fleste, kanskje nesten alle, burde stifte kjennskap med. Mamma mia, desse spela byrjar nesten å bli farlig gode.

Tre i mai

Detroit: Become Human (PS4)

Nytt eventyr frå Quantic Dream, studioet bak det paranormale sci-fi-eventyret Beyond: Two Souls og film noir-mysteriet Heavy Rain. Denne gongen med androider i hovudrollene.

Conan Exiles (PC, XB1, PS4)

Overlevingsspel i Conan-universet frå den norske utviklaren Funcom kjem ut or «early access» i mai.

State of Decay 2 (Win, XB1)

Splitter ny sjanse til å overleve zombie-apokalypsen – eller vere zombie.