Det beste co-op-spelet i persons minne er no ute for moderne spelsystem som del av samlepakka SEGA Mega Drive Classics

SEGA Mega Drive Classics inneheld 53 meir eller mindre klassiske spel frå 16-bit-æraen.

b
a

Det bergensbaserte spelstudioet Henchman & Goon sitt koselege, familievenlege puslespel Pode (Switch) byd på roande musikk, fredsæle fargar og lyseffekter og samarbeid i samspelet si ånd. Ingen eller få ting er som eit godt co-op-spel. Og det som truleg er det beste co-op-spelet i persons minne, den psykedeliske funk-odysseen ToeJam & Earl (1991), er no ute for moderne spelsystem som del av samlepakka SEGA Mega Drive Classics (PC, PS4, XB1).

SEGA Mega Drive Classics inneheld 53 meir eller mindre klassiske spel frå 16-bit-æraen. Emulsjonen er høveleg grei – stundom stotrar lyden litt, ein gong i blant sklir grafiske element ut ei stakka stund, men iallfall ser tempoet ut til å stemme, noko det ikkje alltid gjorde på Nintendos Virtual Console på Wii-konsollane. Ein kan saktens undrast kvifor SEGA Mega Drive Classics ikkje har kome ut til Nintendo Switch – kan hende handlar det om realisme?

Les også: ALLE hater det nye Star Wars-spillet

I SEGA Mega Drive Classics blir vi, i staden for ein sedvanleg meny, presentert for eit barnerom anno cirka 1990, komplett med glorete teppe, sengetøy og saccosekk, Sonic The Hedgehog- og Golden Axe-plakatar, røyr-TV på 14 tommar, fasttelefon, god, gamaldags veggklokke med visarar, lys og lydar utanfrå alt ettersom kva for tid på døgnet det er – og ei bokhylle fylt med Mega Drive-spel. På same måte må SEGA Mega Drive Classics-spelaren bli sitjande i heimen, framom TV-skjermen.

Realistisk.​



Men bi litt! Det stemmer ikkje heilt: SEGA Mega Drive Classics finst òg til Windows, okke som om du tyr til stasjonær eller berbar PC. Her får du dessutan nokre av dei klassiske Mega Drive-spela som glimrar med sitt fråvere på konsollversjonane, nemleg Sonic 3, Sonic & Knuckles og Ecco The Dolphin-spela, og PC-versjonen har dertil VR-support, som gjer det heile enno meir realistisk: Du ser barnerommet – og røyr-TVen – i spektakulær, stereoskopisk 3D. Framtida i fortida er notida.

Sega Nomad, den berbare utgåva av Genesis (som Mega Drive heitte i Nord-Amerika) kom ut i 1995, og med seks AA-batteri kunne ein spele spel i opptil to timar. Dei fleste spela hadde ikkje moglegheit for å lagre framgongen, så då var det slutt – om du ikkje allereie hadde rista maskineriet for hardt, brote kontakten mellom kassett og konsoll og dermed fryst spelet. På SEGA Mega Drive Classics, derimot, kan du lagre spelet når enn du ynskjer, og du kan dertil spole spelet tilbake, ja, faktisk òg fram, dersom det er det du vil.

Les også: Woke AF: Dette spillet handler om å slåss mot hvitinger som prøver å ta på håret ditt

Lat oss, apropos nomadisering, spole fram eller tilbake, alt ettersom: I 1999 kom spelet Omikron: The Nomad Soul ut. Dette var debuten til utviklaren Quantic Dream, og var ein uslipt diamant med virtuell David Bowie i parallelt univers. Spela det franske studioet hamra i hop seinare, Fahrenheit (ein okkult krim-thriller), Heavy Rain (eit sci-fi-film noir-horrordrama) og Beyond: Two Souls (ein paranormal telekinese-, ørkenritual- og heimløyse-simulator med Willem Dafoe og Ellen Paige i hovudrollene) kan òg kallast uslipte diamantar: Framifrå på det tekniske nivået, nærast stormannsgalent ambisiøse på det narrative planet, berre halvvegs vellukka på manusforfattarplaneten.

Likevel skulle det vel vere ein uvel bevart røyndom at underteikna er blant dei som set pris på desse narrative eksperimenta, som ligg ein stad i grenselandet mellom film, «choose your own adventure»-bøker og spel.

I Detroit: Become Human (PS4), det nyaste tiltaket frå Quantic Dream, trer du inn i rolla som tre androider som i kvar si etterkvart samanknytte soge lyt utvikle medvit og bryt Isaac Asimov sine tre lovar for robotikken: Ein robot kan ikkje skade eit menneske eller passivt la eit menneske kome til skade. Ein robot må følgje ordre gjeve av menneske bortsett frå når slike ordre kjem i konflikt med første lov. Ein robot må verne om sin eigen eksistens soframt slikt vern ikkje kjem i konflikt med første og andre lov. Og det har konsekvensar. Di (første) gjennomspeling vil neppe vere lik mi.

Mi gjennomspeling var stundom storslege og jamnt over heilt grei – men ver åtvara: I denne soga er slaveri- og forskjellshandsamings-metaforikken uttalt med megafon og ørten strekar under svaret, medan regissør-forfattar David Cage insisterer på at soga ikkje har nokon moral. Uansett, Sega gir ut femten retro-spel til Nintendo Switch i sumar, så det er fortsatt håp.​

Sumarleg toppstuing:

1. The Awesome Adventures of Captain Spirit (PC, XB1, PS4)​
Gratis Life Is Strange-spinoff med 10 år gamal superhelt i hovudrolla.

2. Octopath Traveler (Switch)
Japansk rollespel i 2,5D med åtte vegfarande karakterar og truleg åtte stiar.

3. De Blob Remastered (Switch)
Bad blobben i maling, bli spretten fargeklatt og gi ny briljans til ei fargelaus verd.

Les også: Far Cry 5 er ei mørk og brutal soge

ToeJam & Earl