Yakuza 0 er mafiasimulatoren vi har venta på

I Yakuza 0 kan du banke livskiten ut av dusinvis av rivaliserande gjengmedlemmer, lære deg shogi (japansk sjakk) og bli eigedomsspekulant.

b
a

Trufaste lesarar vil kan hende minnast at eg i førre utgåve priste SEGA Mega Drive Classics for sitt innovative menysystem: Eit tidsriktig barnerom anno cirka 1990, komplett med glorete teppe, røyr-TV, telefonrøyr og bokhylle fylt med Mega Drive-spel i både pose og saccosekk. Og no, når vi er midt i ein epoke der nyutgjevingar og remakes av Segas Yakuza-serie kjem på marknaden som perler på ei snor, er det på sin plass å gi det japanske spelselskapet enno ein dose ros for bragder i same kategori: Retrogaming med stil.

​Ta for eksempel æksjn-eventyret Yakuza 0, som kom ut til PS3 og PS4 i Japan i 2015, i resten av verda i fjor til PS4, og no nettopp til Windows PC.

I denne prologen til den mangslungne mafia-melodramaeserien trer du inn i rolla som to unge, ambisiøse yrkeskriminelle som tenderer til å kludre det til både for seg sjølv og dei fleste rundt seg: Kiryu, lågmælt stivpinn som oftast synest det er enklast å ty til vald, og Majima, ekstravagant kjekkas som synest det er greiast å løyse det meste med vald.

Titt og ofte lyt du banke livskiten ut av dusinvis av rivaliserande gjengmedlemmer i løpet av berre ein handfull minutt med berre nevane, med mindre du tar butikkskilt, motorsyklar eller balltre fatt for meir effektiv lekamsskading. Når kvestinga er over, sit motstandarene der og pustar og pesar, forundra over kor sterk du var, før dei børstar støvet av habitten og hastar av garde for å finne alternative offer å yppe med.

Les også: Det beste co-op-spelet i persons minne er no ute for moderne spelsystem som del av samlepakka SEGA Mega Drive Classics

Merkeleg nok ser ingen ut til å døy eller få varige men.

I Boing Boing-intervjuet Yakuza 3 played, reviewed and Fact Checked. With the Yakuza fortel eks-patriarken «Midoriyama»: «A real fight – it’s short and it’s brutal. Over in a minute. Nobody goes around trading blows and crap like that. Usually the first guy to punch wins.» Ok, Yakuza 0 er, som spel flest, eit spel, og totalt urealistisk ultravald er vel ikkje så uvanleg i dette mediet.

Slåsskampane her har i grunn meir til felles med arcade-beat’em’up-spel som Streets of Rage enn med røynda, og rett nok kan det vere moro å utvikle desse karakterane til menneskelege dampvegvalsar av nokre valdsmaskiner. Men ellers kjenst det som går føre seg i Kamurocho og Sōtenbori – virtuelle variantar av bydelane Kabukichō i Tokyo og Dōtonbori i Osaka – overraskande natur-/kultur-tru. ​

​Desse hypnotiske neon-junglane byd på alskens urbane aktivitetar. Mellom slaga (og sparka) kan du spele biljard og dart, dyrke bilbanehobbyen, lære deg shogi (japansk sjakk) og mahjong, drive med hasardspel, det vere seg i form av rulett, poker eller langt meir perverterte formar i skuggane av det urbane underlivet, bli eigedomsspekulant, drive og/eller besøke host- og hostessklubbar, eller (her kjem det vi sikta til i starten, i eit tilgjort forsøk på å illustrere avstikkarane som gjer Yakuza så vanedannande ved analogi) besøke spelehallar med autentiske framstillingar av Sega-arcade-maskiner som Outrun (1986) og Space Harrier (1985).

Eller du kan tiltre rolla som god samaritan i nokre av dei mange kvardagshistoriane som dukkar opp, til dømes hjelpe ein rådvill mamma med å redde dottera ut or grepet til ein reinspikka parodi av ein fanatisk hjernevaskingskult, komplett med heilsprø nyreligiøs lingo – Yakuza syner ein absurd sans for humor utanom hovudhistoria, som krinsar rundt den dramatiske kapplaupet om den siste ubygde tomta i Kamurocho: «The Empty Lot».

Les også: Woke AF: Dette spillet handler om å slåss mot hvitinger som prøver å ta på håret ditt

​For «it is the empty space that makes the bowl useful.» Dette Lao Tsu-sitatet blir du stundom servert når du kontemplerer tomrommet i Cultist Simulator (Win, Linux, Mac). I dette strategi-eventyr-management sim-kortspelet trer du inn i rolla som aspirerande kultleiar og student av det okkulte, og hendingane foldar seg ut på mystisk, esoterisk vis, forårsaka av samansetningar av merkelege spelkort og formidla gjennom forvitneleg velforfatta tekstar på Twitter-lengd.

​Og dersom du hungrar etter ei meir tradisjonelt fortalt soge om det okkulte, fri for stressande gatekampar, kan du peike og klikke deg gjennom Disavowed (Win), eit splitter nytt urban fantasy-eventyrspel i pikselert retro-stil – eit storkoseleg lite urban fantasy-film noir-spel om indre demonar og andre løyndomsfulle krefter.

Les også:Sonic Mania utgjer ein himmelsk nostalgitripp

Retro på topp

​Yakuza Kiwami 2 (PS4)​

Når vi først er inne på Yakuza-nyutgjevingar: Yakuza 2 har blitt laga på nytt i Dragon-spelmotoren, og er dermed på same tekniske nivå som Yakuza 6. Der 0 flyt fint, er dette silkemjukt og saumlaust. Omfattande demo er allereie tilgjengeleg – prøv sjølv.

​Shenmue I & II (PS4, PC, XB1)

Når vi er inne på Sega-eventyr: Dreamcast-kultklassikaren Shenmue var i si tid den mest kostbare spelproduksjonen nokonsinne, og no kjem denne ambisiøse stamfaderen til Yakuza ut i nyoppussa utgåve.

​Okami HD (Switch)

Og så enno ei nyutgjevinging av kulteventyrklassikarar: No er Okami, det Zelda-liknande, men likevel unike ulvegudeventyret, ute på nytt til Switch – platformen både Yakuza og Shenmue ville vore perfekt for.