I dag skriv eg om ting som spenner veldig breitt, men likevel har noko til felles. Det handlar om FrP sitt utspel om kva innvandrarar vi vil ha, om Amanda-prisen og om Breivik, men først og fremst handlar det om kva kriterie vi brukar på kven som passar og ikkje passar inn i samfunnet vårt.
Så. Framstegspartiet har laga ein heil del kriteria for å vere norsk. For å verte norsk. Kriteria som veldig mange nordmenn ikkje ville kunne overhalde. Kriteria som veldig få nordmenn på spanskekysten vil kunne ovehalde. Men ta det med ro. På spanskekysten er nordmenn ein ressurs.


Sjølv gode nasjonalistar vert utvist etter FrP sitt forslag.
Så fort ein byrjar skilje mellom folk etter desse kriteria, så byrjar ein å koke seg ned til den enkle problemstillinga om vi berre var frykteleg heldige med kvar vi vart født. Og om vi i så fall har noko
plikt til å dele hellet. Det er ein stygg tendens til å leggje ansvaret for å betre seg hjå dei det er vanskelegast for. Ein må møte kriteria for å få hjelp. Ein trenger hjelp for å kunne møte kriteria.
Og når ein snakkar om kriterier, er det mange som lurar på kva kriterier juryen til Amanda-prisen brukte då dei valde ut nominasjonen til Årets Film, men unnlot å inkludere “Oslo 31. August”. Filmen er jævli bra. Rett og slett.

Men enno viktigare er det at den fanger noko som er utruleg aktuelt. Kvar vert unge menn av i samfunnet vårt? Korleis handterar dei å kome frå priviligerte heimar og verte fortalt at “du kan nå akkurat dit du vil”? Det er ein diskusjon som har storma rundt trygdesnyltar Vegard Skjervheim. Det er sterkt relatert til “sint, ung mann”-problematikken som vart tatt opp av Trygdekontoret, og har vore belyst frå så mange vinklar under rettsaka mot Breivik. Men at ein film så klarar å ta
dette på kornet, å fange ei tidsånd eller noko slikt, er altså ikkje grunn til å verte nominert av Amanda-juryen. Neivel. Godt dei klarte å få med “Få meg på, for faen” i det minste.

Det er ikkje berre på Amandaprisen vi har juryar. Men sjølv om Noreg er så utruleg utvikla at eg ikkje veit kvar eg skal gjere av meg, så tykkjer eg vi skal droppe juryane og tillate gatejustis. Det er ingen grunn til at vi ikkje kan utøve umiddelbare straffeutmålingar så fort vi tar nokon i alt frå nasking til drap, sidan vi tydelegvis er ein nasjon som over dei siste vekene har bevist at samtlege av oss er kvalifiserte psykiaterar, aktorar, forsvarer og dommerar. Og ekspertvitner. I alt. Flaks.
At vi, som nasjon, følgjer rettsaka mot Breivik tett er naturleg, viktig og riktig. At vi på grunn av den skal kaste eit einaste rettsprinsipp på sjøen er feil. Lex Breivik er feil. Om rettstaten ikkje er i stand til å handtere saker av denne dimensjonen, så må vi evaluere det i ettertid, men vi kan ikkje endre det undervegs. Vi må la folk få gjere jobben sin. Eg har ikkje peiling på om han er utilregneleg eller ikkje, men eg synest det er viktig at han vert evaluert, og etter kvart dømt, etter same kriteria som ville vore nytta før 22. juli.

Ville vi ein gong brydd oss om å evaluere psyken om han var muslim? Ville vi funne oss i at han då ikkje var tilregneleg, vart dømt til behandling framom straff? Men når han er norsk så er det betryggande å vite at det er noko sjukt som har fått han til å gjere som han gjorde. Det er ikkje noko andre av oss kunne funne på. Det er sjukdom ikkje ideologi. Men det er viktig å merke seg: Utilregneleg friskmelder ikkje ideologien. Tilregneleg friskmelder ikkje psyken.
































































