Larser than life

b
a

Lars Vaular slapp sitt andre soloalbum, D’e Glede, forrige mandag. Han endte i laupet av veka opp på tredjeplass på iTunes si liste over mestselgande album, ei imponerande geskjeft for ein rapper uten platekontrakt. På laurdag var det på tide å feire suksessen med release-konsert på Ole Bull scene.

NMG-kompanjongane frå A-laget sto for oppvarminga, og Girson, Pete’n, Vågard og DJ Boge har stått nok timar på scena med kvarandre til at ein kan forvente eit solid show. Likevel var det tydeleg at også dei var i ekstra godt humør. Vågard smilte frå øyre til øyre, medan han lirte av seg lyriske slibrigheiter og blinka til publikum. Pete’n surfa fornøgd rundt i bakgrunnen med solbriller på, og Girson eigde scena som ein sirkus-direktør. Vi fekk høyre dei gamle slagerane vi venta, men vart også servert nytt materiale, før det heile kulminerte i bergenske vers på Daft Punk sin “Around the World”.

Lars Vaular har etterkvart spelt ein del konsertar med det nye bandet sitt på TV, på Urørt, og på by:larm. Det er ikkje så mange rapperar som stiller med fullt liveband på scena, men til gjengjeld er dei få eg kan komme på, som The Roots, kjent for å dra igang eit heidundrande show. Viss du i tillegg har med deg Girson, ein av dei mest sjarmerande og profesjonelle showmenn i norsk hiphop, bør det vere duka for fest. Det rolege, ettertenksomme og melodiøse frå plata er omgjort til energisk publikumsfrieri i nevane på bandet, medan Anand Chetty står bak tangentane og minner oss på opphavet.

Lars har enno klokkartru på at tekstane hans er gode og velkjente nok til å bære konserten, og han har stort sett rett. Ei veke etter plata vart slept syng publikum med for full hals# “Stor bank tar liten bank…”, og i dei få augeblinkane Lars trekker seg attende på scena står Girson klar til å kore kvardagsfilosofien om til festmusikk. Det er klart vi fekk mykje frå den nye plata, det var trass alt ein relsease-konsert. “Samme nr. som i 99” vart gjennomført i allsang, og Girson har stemme til å vikariere for Black. Alle var villige til å skylde på LarsVaular, både for plakatopphenging og for å “skyte dopet til de dauer”. Men dei andre låtane fungerte vel så bra i live-versjon, og det var forfriskande å sjå nokon som ikkje freistar å reprodusere albumet sitt på scena.

Det var uvant, men inspirerande å sjå ein ung norsk rapper med sjølvtillit til å la tekstane sine tale for seg sjølv. Det var også kjekt å høyre gamle låter som “Eg e fra Bergen”, “Mer, mer, mer” og “Kjører seint” i ny drakt, og å sjå publikummet respondere med hender i veret og nikkande hovud. Men klimakset kom då samtlege bandmedlem tok fram solbrillene og heile publikummet skjønte kva som var i vente. “Solbriller på” er utan tvil allereie ein favoritt som nok vil øyredøve parkane i byen denne sumaren.

Etter å ha vore på utallige konsertar med norske rapperar, kan eg ikkje gjere anna enn å verte imponert over kor gjennomført, innøvd og appelerande showet til Lars er. Det er ikkje mykje å utsetje, for Lars har vore klar nok over sine svake sider til å gardere seg. Han har bandet som får opp energien, og han har Girson som balanserar det til tider lyrisk tunge innhaldet med fantastisk showmanship. Det er ikkje tvil om at lysluggen sjølv held på å kose seg glugg ihel. Han helser til mamma og pappa, til kjæresten og Leo. Han gliser og spøker, danser, hopper og synger. Han takkar for merksemda, oppmøtet og platesalget. Og når 500 frammøtte, som har punga ut 150 kroner kvar for å få med seg kvelden, stikk ein V for Vestlandet i lufta har i allefall Lars motbevist ei gamal sanning: Ein kan faktisk verte profet i eigen by.

Lars Vaular spiller på Blå i Oslo 23. mai.