Fredag gav Youth Pictures of Florence Henderson ut EP-en Small Changes We Hardly Notice på Siste Sukk Records, to år etter at dei sist gav lyd frå seg i plateform. Dei som kjenner meg veit at eg er sabla begeistra for musikkscena i Oslo for tida, og då var det midt i blinken å finne den siste ti-tommaren deira, med fint og forseggjort omslag, ligge og vente på ein spent lyttar i postkassa.
På førsteplata frå 2005, var YPoFH eit reinspikka postrockband. På dei fem åra det tok før den sjølvtitulerte dobbeltplata frå 2010 kom ut, vart det rydda plass for ein meir tydeleg vokal, utan å nødvendigvis bli mindre YPoFH av den grunn. Small Changes plukkar opp der forgjengaren slapp, og tar det kanskje endå lenger. Der det før var intrumentalar, finn ein no meir drøymande “låter”. Som fleire har påpeika før meg, har bandet med tida blitt meir og meir liggande i grenselandet mellom postrock og emo.
På det nostalgiske opningssporet “All I Remember Is Punk Rock”, er Silje Halstensen frå urørtfavoritten Bendik henta inn til å hjelpe til med bakgrunnsvokal. Gitartonen, trompeten og dei markante trommene på introen kan minne litt om ein meir pompøs versjon “I'd Rather Listen To Weston” frå forrige plate, og låta er sånn sett eit veldig godt eksempel på at dei plukkar opp tråden der dei slapp sist. Det er ikkje ofte ein høyrer sommarlåter når det kjem til postrock, men “Hearts and Consequence” er nettopp det. Teksten hintar riktig nok nokså sterkt om seinsommaren, men også melodien og oppbygginga speler ei stor rolle her, med fleire skifte i tempo og intensitet utan at det nokon gong vippar over i å bli altfor dramatisk. Ei god musikalsk oppsummering av den litt lengtande følelsen ein sit att med etter ein lang sommar, med andre ord. Neste låt ut er “But Now You Know”, som kanskje også er høgdepunktet. Det er nok også det sporet som minner mest om sjangeren på EP-en, med aktiv deltaking frå alle i gruppa, fleire musikalske avbrekk og også det typiske klimakset ein nesten forventar mot slutten av låta når det kjem til postrock. Det er for lenge sidan at eg har sett bandet live til at denne låta har blitt spelt, men den går nok rett heim hjå publikum på kommande konsertar. Sjølv om eg skryt ein del her, er ingenting hundre prosent perfekt når det kjem til musikk. Alle plater, same kor flotte dei er i sin heilskap, har ei eller to låter som ikkje får ein like stor tommel opp som resten. I dette tilfellet er det “Swim Team Philosopher”, som også er siste spor. Det er på ingen måte ei svak låt i seg sjølv, og ein får høyre fleire grådig fine parti, men det er når ein kjem til dei musikalske toppane undervegs at den blir litt voldsom i forhold til resten. Den hadde kanskje passa betre på Puzzle-disken frå forrige plate enn på denne EP-en.
Der fleire band innanfor sjangeren malar seg litt inn i eit hjørne etter nokre år, synest eg at våre eigne Youth Pictures of Florence Henderson gjer ein god jobb med å halde på sitt eige sound utan å gjenta seg sjølv. Bandet skulle kanskje tatt seg i nakken og ikkje gitt ut både det første og tredje sporet på nett fleire månader i førevegen. Ein mister litt følelsen av forventningar og første lytt om ein har høyrt halvparten fleire gonger før. Likevel er det heilskaplege inntrykket på plass etter både ni og ti gjennomlyttingar, og det inntrykket er godt. Det har blitt gitt ut mange EP-ar som nærast skulle ha blitt i planleggingsfasen, men det her er ikkje ein av dei. Eg gler meg ikkje mindre til neste album etter det her, om ein så må vente fem år igjen.






































































