Jokke klarte å fange dei mørke sidene av Oslo i eit tekstunivers som resonnerte hos alle med ein fot innanfor skyggesida. No vert Jokke sine “Dårlige Vaner” vidareført på den nyslupne singelen til rapgruppa Herreløse.
Herreløse, ei rapgruppe frå Oslo beståande av Kverulanton, Apati og MisterK, har ein spesiell posisjon i norsk hiphop. Dei har drive på lenge, men slengte seg aldri på internett-bølga, og forblei derfor relativt ukjende utanfor Oslo. Heile gjengen er litt som DMX (bortsett frå crack og illegale hundekamper), og gidder ikkje deale med teknologi og sånt (heldigivis har dei manager). Samtidig har dei ein lojal tilhengarskare i eigen by, Kverulanton var med på OnklP sin undergrunnshit “Noia” og konserten på Musikkens Dag viste at når Herreløse speler på heimebane er det fullt på tribuna. Etter nokre år med loking, born og iherdig arbeid har gutta bygd seg studio, og er klare for å sleppe skiva “Kall det hva du vil” på Knirckefritt/EMI i løpet av hausten. Ballet opnar med ei tolking av Jokke og the Tourettes sin “Billig Lykke” som kjem ut i dag.
("Idag" var fredag 6. juli. Ting går litt treigere her enn vanlig i disse ferietider)
Jokke sin evne til å finne det tragikomiske i kvardagen er ein del av arven Herreløse har plukka opp, saman med skildringa av den destruktive kjensla mange unge menn i asfaltjungelen bærer på. “Gratulerer med da’n” (video nederst) er eit eksempel på blandinga av melankoli og gladmusikk, der noko som oppfattast som eintydig positivt i folkesinnet, vert gitt heilt motsette meldingar og meiningar gjennom teksten, mykje som i Jokke sin “Her kommer vinter’n”. Likeeins kan ein kjenne att visepreget i både beats og refreng hjå Herreløse, og saman med versa til dei tre rapperane, er det ikkje vanskeleg å trekke paralellar til den gamle ringreven. Eller som Bjørn Rogstad bemerka: “Herreløse og Jokke hører sammen som sigg og øl”.
Det innbitte Oslo-uttrykket til både Jokke og Herreløse gjer at det nesten kjenst rart for meg som nynorskmann å skrive om det, men då eg møtte på Apati og Mister K i ein bakgård full av pils, piker og pølser måtte eg stille dei tre raske spørsmål om den nye singelen:
Korleis kom ideen å lage ein hiphop-låt av Jokke sin “Billig Lykke”? Er det ein tribute?
Apati: Det er jo fleire som har nevnt til oss at vi er ein slags “hiphopens Jokke”, og då er det jo kult å gjere noko som kan oppfattast som eit nikk i hans retning. Eg hadde eigentleg choppa og leika meg lenge med det sampelet, heilt sidan den tribute-plata av ulike norske artistar kom ut. Så har vi, med litt oppmuntring og mas frå blant anna Poppa-Lars (produsent, Tungtvann) kome i mål. Eg satt å snakka med OnklP om det på eit nachspiel, og så viste det seg at han hadde lyst å gjere cover av “Billig Lykke” til den plata, så då var det klart han skulle vere med på vår. Vi nede på Knirckefritt er jo ein stor familie.
Mister K: Låta har vore klar ei stund, men no er verda klar for den. Neida, det vart ein del arbeid med å få klarert samples og sånt. Men det som er ganske fett er at sjølvaste Petter Pogo frå Tourettes er med på låten. Herreløse featuring Onkl P og Petter Pogo, hah! Men så har vi jobba med Necrobutcher frå Mayhem og. Dessuten har Christopher Nielsen (broren til Jokke) til slutt gitt låta sin blessing.
Eg er jo oppvaksen på landet, og har først byrja høyre på Jokke som vaksen mann. Korleis påvirka han, og ikkje minst musikken hans, dykk medan de vaks opp i Oslo?
Mister K: Fyren var jo ei legende. Allereie medan han levde. Men vi har alltid vore hiphop-heads. Men sjølv om vi aldri satt oss ned og lytta gjennom skivene til Jokke når vi var yngre kan du ikkje vokse opp her i byen uten å tenke på Jokke som det musikalske backdroppet til byen.
Apati: Eg hugsar vi hadde rappa I tre-fire år og var jævli fornøgde fordi vi fekk spele konsertar og hadde eit ganske originalt sound og unike tekster. Så satt eg og lytta på Jokke ein dag og tenkte “Faen, nokon har gjort det her 20 år før oss”. Ein vert jo imponert, behandlar det med respekt.
Og ikkje minst; kva handlar låten om?
Mister K: Det er jo dei dårlige vanene…
Apati: Sjå deg rundt, her sit vi med dei verste!
Mister K: Men det er jo sommar, då!





































































